European Social Survey 12 - personvernerklæring (nynorsk)
European Social Survey ERIC (European Research Infrastructure Consortium) er
ansvarleg for Den europeiske samfunnsundersøkinga (ESS). ESS blir gjennomført i rundt
30 land i Europa annakvart år, og inneheld spørsmål om haldningane dine, livshendingar,
området du bur i, og meir faktabaserte spørsmål. Den innsamla informasjonen blir slått
saman, og resultata blir samanlikna mellom alle landa som har deltatt. ESS ERIC har
inngått avtalar med alle organisasjonar som er involverte i ESS, som mellom anna angir
korleis personopplysningane dine kan brukast.
Det er viktig for oss å vareta personvernet ditt. I dette informasjonsarket forklarer vi kva vi
gjer, og kva rettar du har.
1. Kva opplysningar om deg bruker vi?
Alle opplysningar som kan identifisere deg, blir rekna som «personopplysningar» og er
verna av lova. Dette inkluderer namn, adresse og annan kontaktinformasjon. Visse typar informasjon fell
inn under det som blir kalla særlege kategoriar av personopplysningar. Det kan for
eksempel vere informasjon om helsa di, fagforeiningsmedlemskap og politiske synspunkt.
ESS samlar inn alle desse typane personopplysningar.
Viss du vel å ikkje delta i spørjeundersøkinga, kan vi spørje om grunnen til dette – for
eksempel om det kjem av ein språkbarriere.
Ein intervjuar vil stille deg spørsmål, og svara dine blir registrerte på ein
datamaskin/eining. Dersom du vel å avslutte undersøkinga før du er ferdig, vil vi framleis
bruke informasjonen du allereie har gitt, med mindre du ber oss om å la vere (sjå punkt 6
om rettane dine nedanfor).
2. Korleis fekk vi kontaktinformasjonen din?
Ditt namn er tilfeldig valt ut frå Folkeregisteret for deltaking i studien. Dette bidrar til å sikre
at vi får eit representativt utval, det vil seie eit utval som omfattar dei ulike synspunkta til
alle slags ulike grupper i Noreg.
3. Når blir opplysningane dine brukte?
I Noreg blir ESS-undersøkinga gjennomført i løpet av 2025 og 2026. Vi samlar inn
opplysningar frå oppstarten av ESS mens vi gjer førebuingar til undersøkinga, når vi
inviterer deg til å delta, i løpet av undersøkinga, når du svarer på spørsmåla, og i etterkant.
Kontaktinformasjonen din blir sletta når undersøkinga blir publisert av ESS ERIC Data
Archive, seinast innan desember 2027. Utanom dette blir svara på spørjeundersøkinga,
der alle direkte identifiserande personopplysningar er fjerna, lagra på ubestemt tid hos
ESS ERIC Data Archive hos den norske organisasjonen Sikt – Tenesteleverandøren til
kunnskapssektoren. Viss du samtykker til at ESS ERIC kan kontakte deg igjen i samband med seinare studiar,
blir kontaktopplysningane dine lagra fram til utgangen av 2030. Merk at viss du samtykker
til å delta i seinare studiar, vil informasjonen frå denne spørjeundersøkinga slåast saman
med informasjonen frå andre spørjeundersøkingar i vår regi som du svarer på i framtida.
4. Kva organisasjonar får innsyn i opplysningane dine?
Fleire organisasjonar er involverte i ESS og kan få innsyn i opplysningar om deg.
• ESS sin nasjonale koordinator (NK) i Noreg, Sveinung Arnesen har det overordna
ansvaret for ESS-undersøkinga nasjonalt.
• NK har peika ut Ipsos til å gjennomføre undersøkinga.
• Centerdata, eit uavhengig og ikkje-kommersielt forskingsinstitutt som ligg på
universitetsområdet til Tilburg-universitetet i Nederland, driftar plattforma
spørjeundersøkinga blir levert på. Centerdata kan teoretisk få tilgang til kontakt- og
personopplysningane dine, sjølv om dette ikkje er ein del av den rutinemessige
praksisen deira.
• NK / Ipsos, saman med Centerdata, er dei einaste organisasjonane som har tilgang
til kontaktopplysningane dine. Viss du samtykker til å bli kontakta igjen seinare, vil
Centerdata lagre kontaktinformasjonen til dette formålet fram til utgangen av 2030.
• ESS ERIC Data Archive hos Sikt lagrar svara du gir på spørjeundersøkinga, utan
namn og kontaktinformasjon, på ubestemt tid. Svara blir frå sende NK/Ipsos via ei
nettplattform som blir drifta av Universitetet i Pompeu Fabra (UPF) i Spania.
All informasjon som blir overført mellom organisasjonane som er involverte i ESS, blir
overførte på ein sikker måte. Alle eventuelle overføringar til Storbritannia blir utførte i
samsvar med EU-kommisjonen si avgjerd om tilstrekkeleg beskyttelsesnivå av juni 2021
om overføring av personopplysningar frå EU til Storbritannia.
Dei publiserte resultata blir gjorde tilgjengelege på nettsida
(www.europeansocialsurvey.org).
På grunn av spørsmåla vi stiller, er det ein liten, teoretisk moglegheit for at svara dine, når
ein ser dei i samanheng, kan identifisere deg. Det blir nytta metodar i alle stadium av
prosessen for å redusere moglegheita for dette. Også svar som ikkje blir publiserte, blir
behandla på denne måten. Forskarar i godkjende forskingsinstitusjonar kan søkje om
tilgang til slike upubliserte resultat til bruk i forskingsstudium. Ettersom slik upublisert
informasjon kan innehalde meir potensielt identifiserbar informasjon enn dei publiserte
resultata, er det ei svært lita, men noko auka sannsynlegheit for at desse upubliserte
svara, når ein ser dei i samanheng, kan identifisere deg. Derfor krevst det spesielt løyve
for å få innsyn i denne informasjonen. I tillegg treffer vi særlege tiltak for å redusere
moglegheita for identifisering også før forskarar får innsyn i nokon av dei upubliserte
resultata.
5. Rettsleg grunnlag for bruken vår av personopplysningane dine
ESS blir gjennomført annakvart år til forskingsformål. Det rettslege grunnlaget for all
behandling av personopplysningar er utføring av ei oppgåve til beste for allmenta og
dessutan til formål knytt til vitskapleg forsking (EUs personvernforordning og dessutan
Storbritannias personvernforordning1 artikkel 6 nr. 1 bokstav e, artikkel 9 nr. 2 bokstav j og
artikkel 89 nr. 1).
6. Rettane dine og korleis du utøver dei
Du har rett til
• innsyn i personopplysningane dine
• å be om retting av eventuelle feilaktige personopplysningar vi har om deg
• å be om sletting av personopplysningane dine
• å be om avgrensa behandling av personopplysningane dine, det vil seie å be oss
om å stanse med behandlinga så lenge personoppysningane dine blir kontrollerte
• å protestere mot behandlinga vår av personopplysningane dine
Du har desse rettane så lenge vi kan identifisere deg. Viss du ønskjer å slutte å få
informasjon eller ønskjer å få opplysningane dine sletta, kan du kontakte Ipsos. Viss du
har spørsmål rundt rettane dine, kan du kontakte ESS ERIC sitt personvernombod.
Ver merksam på at vi sannsynlegvis ikkje kan identifisere deg med sikkerheit etter at vi har
sletta namn, adresse og annan informasjon om deg. Det gjer at det ikkje lenger vil vere
mogleg å slette resten av informasjonen du har oppgitt. Du har rett til å klage til UK
Information Commissioner's Office eller Datatilsynet.
Dersom du kontaktar Ipsos for å utøve rettane dine, kan dei ha ei rettsleg forplikting til å
behalde enkelte av opplysningane dine for andre formål i ein vidare periode. For eksempel
kan dei vere underlagde ei rettsleg forplikting om å føre eit register over kven som har
kontakta dei, og korleis førespurnadene er følgde opp.
Kontakt oss viss du har spørsmål eller ønskjer å levere ein klage
• Det nasjonale ESS-teamet v/Sveinung Arnesen, e-post: [email protected]
• Ipsos: Sven Meyvis (DPO) +47 22 95 47 00, [email protected]
• Behandlingsansvarleg: ESS ERIC, c/o ESS ERIC HQ, City St George's, University
of London, Northampton Square, London EC1V 0HB, Storbritannia. [email protected]
(Behandlingsansvarleg er ansvarleg for å verne personopplysningane dine.)
• Personvernombodet (DPO), ESS ERIC: [email protected]
• ESS ERICs personvernorgan CESSDA ERIC, Solheimsgaten 16, 5058 Bergen,
Noreg: [email protected]
Viss du ønskjer å levere ein klage, kan du kontakte enten:
Datatilsynet
Postboks 458 Sentrum
0105 Oslo
eller
UK Information Commission's Office: https://ico.org.uk/global/contact-us/email/ eller per
post: Wycliffe House, Water Lane, Wilmslow, Cheshire, SK9 5AF, Storbritannia
Slik finn du resultata frå undersøkinga
Du finn resultata frå undersøkinga på European Social Survey-nettstaden
(www.europeansocialsurvey.org)